Ny lov trådte i kraft 1. juni 2025. Sjå Lov om abort (abortloven) - Lovdata.
Fleire har etterlyst nytt kapittel grunna dette og vil legg difor ut forslag til nytt kapittel før det er ferdig behandla i organisasjonen. Det vil verta fullstendig oppdatert etter at det har vore til behandling.
Vi tilrår
Vi frarår
Legale svangerskapsavbrot er regulert i norsk lov og omfattar provoserte avbrot der kvinna har framsatt krav om avbrot av svangerskapet eller fosterantalsreduksjon.
Det omfattar ikkje spontanabort.
Lovregulering
Utgangspunktet for ein provosert abort er eit uynskt og uplanlagd svangerskap, eller eit ynskja svangerskap der forhold med helsa eller livet til den gravide eller fosteret gjer at den gravide ber om å avbryte svangerskapet eller å utføre fosterantalsreduksjon.
Heilt tilbake til tidleg kinesisk medisin og gamle Egypt for 3500-5000 år sidan finst det skildringar om korleis å utføre ein abort5. Den første spesifikke norske abortlova var vedtatt i 1960. Den var erstatta av lov om svangerskapsavbrudd i 1975 som har vore gjeldande fram til siste lovendring i desember 2024. Den lova trådde i kraft 1. juni 2025 og er gjeldande lov.
Provosert abort er ei av dei trygge, mindre og hyppigaste behandlingane innafor faget. Samtidig er det eit av dei mest politisk omtalte inngrepa innafor medisin, og eit av dei få med sjølvstendig lovregulering. Av di tilgangen til abort er dårleg eller ulovleg mange stader i verda er utrygge abortar ei av dei leiande årsakene til mødredød og sjukdom på verdsbasis. Det kan forhindrast ved å gjera abort lovleg og lett tilgjengeleg. På verdsbasis ender tre av 10 svangerskap i ein provosert abort. Verdas helseorganisasjon (WHO) estimerer at 45% av alle abortar i verda er illegale og med det utrygge, og forårsaker ca 13865 til 38940 mødredødsfall per år6.
Kva for behandling som vert brukt er avhengig av kvinna sitt ynske, medisinske omstende, svangerskapslengde og kor ho vel å motta behandling.
Medikamentell abort
I dei tilfella der kvinna ynskjer det kan ein tilby føticid ved injeksjon av kaliumklorid intracardielt i fosteret ved graviditetar som har kome lengre enn 20+6 veker før ein startar det medikamentelle kombinasjonsregimet19.
Kirurgisk abort
Analgetika og kvalmestillande
Fosterantalsreduksjon
Kodeverk brukt i Norsk pasientregister29
|
Kodeverk |
Kode |
Definisjon |
|
ICD-10 |
O04 |
Legalt svangerskapsavbrot |
|
ICD-10 |
O05 |
Andre svangerskapsavbrot |
|
ICD-10 |
O06 |
Uspesifisert svangerskapsavbrot |
|
ICD-10 |
O07 |
Mislukka forsøk på svangerskapsavbrot |
|
ICD-10 |
O08 |
Komplikasjonar etter svangerskapsavbrot, svangerskap utanfor livmora og blæremola |
|
ICD-10 |
Z64.0 |
Problem i samband med uynskt svangerskap |
|
ICD-10 |
Z09.8 |
Etterundersøking etter anna spesifisert behandling for andre tilstandar |
|
NCSP |
LCH |
Svangerskapsavbrot |
|
NCSP |
LCH00 |
Vakuumaspirasjon av svangerskapsprodukt i uterus |
|
NCSP |
LCH03 |
Evakuering og utskraping av uterinhola |
|
NCSP |
LCH10 |
Intra-eller ekstraamniotisk installasjon av abortmiddel |
|
NCSP |
LCH13 |
Vakumaspirasjon fra uterus etter medisinsk indusert svangerskapsavbrot |
|
NCSP |
LCH20 |
Hysterotomi og evakuering av graviditetsprodukt |
|
NCSP |
LCH96 |
Anna svangerskapsavbrot |
|
NCSP |
MBA00 |
Vakuumaspirasjon fra uterus etter fødsel eller svangerskapsavbrot |
|
NCSP |
MBA03 |
Utskrapning av uterus etter fødsel eller svangerskapsavbrot |
|
NCPM |
MAGM00 |
Medikamentelt svangerskapsavbrot |
|
NCPM |
WBGM55 |
Intravaginal administrasjon av legemiddel |
|
NCPM |
WBGM15 |
Peroral administrasjon av legemiddel |
|
ATC |
G02AD06 |
Misoprostol |
|
ATC |
G03XB01 |
Mifepriston |
Kapittelet er sist oppdatert oktober 2025 og ligger som utkast frem mot endelig revisjon etter gynekologisk guidelinemøte januar 2026. Bakgrunnen for publisering av utkastet er endring i abortloven.
Tidligere utgaver av kapitlene finnes her: https:// www.legeforeningen.no/ foreningsledd/ fagmed/ norsk-gynekologisk-forening/ veiledere/ arkiv-utgatte-veiledere/.
Endringer etter sept -24 finnes i metodebok, se øverst i kapittelet.



