Biokjemiske analyser som begynner på ...
A
B
C
D
E
F
G
H
I
J
K
L
M
N
O
P
Q
R
S
T
U
V
W
X
Y
Z
Æ
Ø
Å

Kobber, U

Sist oppdatert: 22.11.2021
Utgiver: Norsk forening for medisinsk biokjemi
Versjon: 3.2
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Bakgrunn 

Sjå Kobber, P.

Indikasjoner 

Utredning av Wilsons sjukdom eller akutt eller kronisk kobberforgifting. Kontroll av pasientar som får chelaterande medikament (til dømes penicillamin).

Prøvetakingsrutiner 

Pasientførebuing

Instruer pasienten om korrekt samling av døgnurin.

Prøvetaking
Døgnurin: Urinen skal samlast i ein syrevaska metallfri plastbeholdar. Unngå kontakt med metall eller avføring. Beholdaren skal oppbevarast kaldt. Send omlag 10 mL av ein velblanda døgnurin til laboratoriet. Angje døgndiuresen.

Veiledende referanseområder 

Døgn-/spoturin Verdier
Døgnurin (kvinner og menn): < 0,6 µmol/døgn (3)
Spoturin (kvinner og menn):

< 0,38 µmol/L (2)

0,006–0,023 µmol/mmol kreatinin (2)

 

Kommentarer

Metodeavhengige verdiar, kfr. laboratoriet. Ved undersøking av kobber i spoturin hos 94 friske kvinner og menn i Bergen vart referanseområda respektive 0,04–0,55 µmol/L og 0,014–0,037 µmol/mmol kreatinin.

Tolkning 

Høge verdiar førekjem ved Wilsons sjukdom (3), akutt og kronisk kobberforgifting, under behandling med chelaterande legemiddel og ved redusert kobberutskilling via gallen (ved kolestatiske leversjukdommar). Ved symptomatisk Wilsons sjukdom er døgnurin-kobber ofte > 1,6 μmol/døgn.

 

Låge verdiar førekjem ved for låg kobbertilførsel fra kosten og ved Menkes syndrom.

 

Feilkjelder

Forureining med kobber frå omgjevnadane eller prøvetakingsutstyret gjev falskt høge verdiar.

Referanser 

  1. Rifai N (red). Tietz textbook of clinical chemistry and molecular diagnostics, 6th ed.
  2. Hoet P, Jacquerye C, Deumer G et al. Reference values and upper reference limits for 26 trace elements in the urine of adults living in Belgium. Clin Chem Lab Med. 2013;51(4):839-49.
  3. Schilsky ML. Wilson disease: Diagnostic tests. Uptodate.com.