Samarbeid mellom Voss sjukehus og Kirurgisk Klinikk for overføring av kirurgiske pasientar

Sist oppdatert: 10.09.2024
Utgiver: Helse Bergen
Versjon: 0.1
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Bakgrunn 

Voss sjukehus (heretter VS) er eit akuttsjukehus med traumefunksjon. For å dekke beredskapen 24/7 med spesialistar innan gastrokirurgi, har VS større kapasitet innan øyeblikkeleg kirurgi og elektiv kirurgi enn tilfang av pasientar frå eige opptaksområde. For å sikre grunnlag for stabil drift og for å bygge kompetanse innan fagområde, treng VS å ha eit tilstrekkeleg tal operasjonar og polikliniske konsultasjonar. Ved å utnytte kapasiteten på VS vil ein frigjere kapasitet i Bergensområdet.

Målsetting 

Denne avtalen mellom Kirurgisk klinikk (GEKIR) og VS sikrar at ein nyttar VS sin kapasitet, til det beste for det totale helsetilbodet innan gastro i Helse Bergen. Avtalen sikrar eit godt samarbeid og god fordeling, slik at pasientane opplever å vere i eit saumlaust behandlingsforløp uavhengig om dei får heile eller deler av behandlinga ved VS.

Overføring av pasientar frå Kirurgisk klinikk til VS for poliklinisk eller operativ behandling  

Det er ein intensjon om at VS får overført ØH pasientar jevnleg, uavhengig av kapasitet på GEKIR.

 

Døme på transportable pasientar som kan sendast til VS: akutt appendicitt, akutt cholecystitt

 
  • Ring HBE Voss Kir OL vakt (24/7)

 

VS får overført elektive pasientar av desse pasientkategoriane:

  • Brokkpasienter

  • Gallepasienter

  • Perianale fistelpasienter

  • All bariatri-relaterte problemstillinger

  • Benigne colon-pasienter til operasjon: (tilbakelegging endecolostomi, sigmoidreseksjon/divertikulitt, kolectomi pga polypp etc)

 
  • Send sekundærhenvisning i DIPS
 

For øvrig løpande kontakt ved trong for drøfting av enkeltpasientar.

 

Tilgjengeleg operasjonsstove på VS  

VS kan tilby operasjonsstove tilgjengeleg for operatør frå Kirurgisk klinikk, der operatør opererer frå eiga pasientliste. Kontakt koordinator VS tlf: 56533917 for nærare avtale.

Samarbeidsmøte 

Det skal gjennomførast eitt til to faste møter mellom VS og Kirurgisk klinikk årleg. VS har ansvar for innkalling. Fast agenda er oversikt over tal pasientar overført og utvikling over tid, og eventuelt behov for endring i avtaletekst. Evaluering av avtalen skal gjennomførast fyrste gong innan 01.11.2024. Revidert avtale for komande år skal signerast innan 31.12.

Rapportering 

Revidert avtale sendast etter signering og til adm.dir.

Tredelt samarbeid om coloskopi med medisinsk klinikk: VS, gastromedisin og gastrokirurgisk vert skildra i eigen avtale.