Biokjemiske analyser som begynner på ...
A
B
C
D
E
F
G
H
I
J
K
L
M
N
O
P
Q
R
S
T
U
V
W
X
Y
Z
Æ
Ø
Å

Aluminium, P

30.07.2021Versjon 2.1

Bakgrunn 

Aluminium er det vanlegaste metallet i jordskorpa, og inngår i mineral som feltspat og bauksitt. Aluminium er eit vanleg konstruksjonsmateriale i til dømes fly, syklar og kjøkkenutstyr. Aluminium finst i mellom anna korn og kornprodukt, kakao, krydder, te og enkelte typar frukt og grønnsaker (1). Aluminium har ingen kjent biologisk funksjon.

 

EFSA har satt tolerabelt vekentleg inntak til 1 mg aluminium per kg kroppsvekt. Dagleg peroralt inntak i Noreg er på storleik med 5 mg, med eit gjennomsnitt på 0,22-0,89 mg/kg/veke, avhengig av aldersgruppe. Ved bruk av antacida er inntaket mangedobla. Omlag 0,1 mg av dagleg inntak er frå boksar, foliar og kokekar. Aluminumsalt vert nytta i antiperspirantar. Aluminium er ein adjuvant i enkelte vaksinar, med tillaten mengde på opptil 1,25 mg/dose. Dialyse har tidlegare vore ei vesentleg eksponeringskjelde, men det er no gått bort frå fosfatbindarar med aluminium og det er stilt strengare krav til aluminiuminnhaldet i dialysevæsker.

 

Aluminium er toksisk, men det er vanlegvis så lite aluminium i kroppen at me unngår toksiske effektar. Absorpsjonen fra tarmen er under 1%, og utskiljinga i nyrene er vanlegvis jamstor med opptaket. Aluminium kan likevel akkumulerast ved

  • høg eller langvarig eksponering, til dømes ved overdriven bruk av antacidar.
  • redusert utskiljing, til dømes ved nyresvikt (2).

 

Aluminium som ikkje vert skilt ut, vert bunde til transferrin og citrat og transportert til blant anna hjerne og beinsubstans. Aluminium kan erstatte kalsium i bein og parathyreoidea og føre til osteomalasi og redusert PTH-sekresjon. Aluminium er toksisk for nervesystemet, og opphoping av aluminium i hjernen er assosiert med kognitiv svikt og enkefalopati. Forgifting kan også påverke beinmargen og gje mikrocytær anemi. Inhalering av aluminiumholdige gassar eller røyk kan føre til pneumokoniose. (3)

Indikasjoner 

Kontroll av pasientar med alvorleg nyresvikt. Mistanke om eller kontroll av unormal aluminiumeksponering eller forgifting. Monitorering av hemodialysepasientar.

Prøvetakingsrutiner 

Pasientforberedelse
Ingen.

 

Prøvetaking
Serum. Spesialrøyr av glas (ikkje plast) utan tilsetjing, konferer med mottakande laboratorium. Ta serum til aluminium først dersom fleire prøvar skal takast. Prøven må ikkje koma i kontakt med hanskar, gummiproppar, pipettar etc.

 

La røyret stå minst 30 minutt og maksimalt 2 timar før sentrifugering. Serum skal hellast (for å unngå kontaminering frå pipette) over i plastrøyr før sending.

Veiledende referanseområder 

Kvinner og menn

  • < 0,2 µmol/L

 

Kommentarer
Metodeavhengige verdiar. Konferer referanseområda til utførande laboratorium. Overnemnde referanseområde er ei nedre kvantifiseringsgrense for serum-aluminium målt med ICP-MS. I eit utval friske personar hadde ingen s-aluminium over 0,2 µmol/L.

Tolkning 

Høge verdiar førekjem ved nedsatt utskiljing (nyresvikt) eller auka opptak (til dømes ved bruk av aluminiumhaldige medikament). Omtalen av aluminiumforgifting gjeld for pasientar med kronisk (dialysetrengande) nyresvikt:

 

Kronisk forgifting

Aluminiumforgifting er mindre sannsynleg ved serumnivå under 0,74 µmol/L (20 µg/L), sannsynleg ved serumnivå over 2,2 µmol/L (60 µg/L) og svært sannsynleg ved serumnivå over 7,4 µmol/L (200 µg/L). Kronisk forgifting kan gje muskel- og beinsmerter, osteomalasi, mikrocytær anemi, hyperkalsemi og demensutvikling. (2,4). Ved jernoverskot (høg transferrinmetning) kan serum-aluminium vere under 1,1 µmol/L, sjølv om pasienten har høge nivå av aluminium i beinvev (5).

 

Akutt forgiftning

Kan gje aluminium-indusert enkefalopati. Typiske serumnivå er då over 14,8 µmol/L (400-1000 µg/L) (2).

 

Feilkjelder

Forureining med aluminium frå omgjevnadane eller prøvetakingsutstyret gjev falskt forhøga verdiar. Hemolyse gjev noko høgare verdiar.

Analytisk og biologisk variasjon 

Analytisk variasjon: 10 %

 

Talet er variasjonskoeffisient og gjeld over et tidsrom på dagar til månadar. Ulike laboratorium kan ha ulike verdiar.

Referanser 

  1. Vitenskapskomiteen for mattrygghet. Risk assessment of the exposure to aluminium through food and the use of cosmetic products in the Norwegian population. VKM Report 2013: 20.
  2. Quinibi WY, Henrich WL. Aluminium toxicity in chronic kidney disease. Uptodate. (Sist oppdatert 8. november 2018)
  3. Willhite CC, Karyakina NA, Yokel RA et al. Systematic review of potential health risks posed by pharmaceutical, occupational and consumer exposures to metallic and nanoscale aluminium, aluminium oxides, aluminium hydroxide and its soluble salts. Crit Rev Toxicol. 2014; 44 Suppl 4:1-80.
  4. www.mayomedicallaboratories.com
  5. van Landeghem GF, D'Haese PC, Lamberts LV et al. Low serum aluminium values in dialysis pasients with increased bone aluminium levels. Clin Nephrol. 1998;50(2):69-76.