Utredning av Wilsons sjukdom eller akutt eller kronisk kobberforgifting. Kontroll av pasientar som får chelaterande medikament (til dømes penicillamin).
Pasientforberedelser
Instruer pasienten om korrekt samling av døgnurin.
Prøvetaking
Døgnurin: Samles som vanlig døgnsamling (ingen tilsetting). Noter samletid og volum. Avpipetter 20 mL til sterilinbeholder.
Spoturin: 5 ml spoturin overføres til ett 5 ml plastrør eller 20 ml sterilinbeholder.
Døgn-/spoturin | Verdier |
Døgnurin (kvinner og menn): | < 0,6 µmol/døgn (3) |
Spoturin (kvinner og menn): |
< 0,38 µmol/L (2) 0,006–0,023 µmol/mmol kreatinin (2) |
Kommentarer
Metodeavhengige verdiar, kfr. laboratoriet. Ved undersøking av kobber i spoturin hos 94 friske kvinner og menn i Bergen vart referanseområda respektive 0,04–0,55 µmol/L og 0,014–0,037 µmol/mmol kreatinin.
Høge verdiar førekjem ved Wilsons sjukdom (3), akutt og kronisk kobberforgifting, under behandling med chelaterande legemiddel og ved redusert kobberutskilling via gallen (ved kolestatiske leversjukdommar). Ved symptomatisk Wilsons sjukdom er døgnurin-kobber ofte > 1,6 μmol/døgn.
Låge verdiar førekjem ved for låg kobbertilførsel fra kosten og ved Menkes syndrom.
Feilkjelder
Forureining med kobber frå omgjevnadane eller prøvetakingsutstyret gjev falskt høge verdiar.
Sjå Kobber, P.