Brystsmerter

Sist oppdatert: 11.01.2022
Utgiver: Helse Bergen HF
Versjon: 1.0
Forfatter: Hilde Haldorsen
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Generelt 

Smerter av alle typer som er lokalisert i brystet/brystkassa. Akutt koronarsyndrom (AKS) omfattar akutt hjarteinfarkt, angina pectoris og ustabil angina pectoris. Pasientar med mistenkt akutt koronarsyndrom må vurderast raskt.

 

Orsaker til brystsmerter hjå pasientar over 35 år innlagt på sjukehus: Akutt hjarteinfarkt, angina, atypiske brystsmerter, andre kardiale orsaker, lungeemboli, aortadisseksjon, abdominale orsaker.

 

Akutt hjarteinfarkt er vanlegvis forårsaka av akutt plakkruptur i koronararterie, med aktivering av koagulasjonssystemet, som igjen fører til full eller delvis okklusjon av karet. Operasjonar/skadar kan føre til at koagulasjonssystemet er ekstra trigga.

Klinikk 

  • Retrosternale smerter, ofte utstråling til hals, kjeve eller venstre skulder/arm. Trykkande/snørande karakter. Klassisk angina gir seg etter kvile i nokre minutt, ustabil angina varer lenger og smerter > 30 minutt kan tyde på hjarteinfarkt eller anna orsak
  • Typisk bleik, svett, klam og tungpust
  • Kvinner og eldre kan ha mindre karakteristiske symptom enn menn og yngre personar
  • Obs risikofaktorar: alder, kjønn, hyperkolesterolemi, hypertensjon, røyking, DM, overvekt og hereditet

Diagnostikk 

Sentralt er vurdering av brystsmerter, BT, hjarterytme, lungeauskultasjon og oksygenmetning. Ta EKG så raskt som mogleg for å skilje mellom:

 

1. Akutte brystsmerter og persisterande ST- segmentelevasjonar

EKG- kriteriar for ST- segment elevasjon ved akutt koronarsyndrom:

 

Nytilkome ST- elevasjon ved J- punktet i to etterfølgande avledningar på minst

  1. > 0,1, mV i alle avledningar unntatt V2 - V3
  2. I V2 - V3 er kravet: > 0,2 mV hjå menn > 40 år, > 0,25 mV hjå menn < 40 år, > 0,15 mV hjå kvinner

 

2. Akutte brystsmerter utan persisterande ST- segmentelevasjonar

AKS utan ST- elevasjon: Vurder differensialdiagnosar, troponin er sentral i vurderinga (kan vere normal tidleg i forløpet)

 

Obs: ved sterke brystsmerter og venstre grenblokk, pacemakerrytme, ST- elevasjon i aVR eller mistanke om isolert bakgreveggsinfarkt er ikkje vanleg EKG- diagnose av STEMI mogleg, må handterast som vanleg STEMI

 

STEMI treng rask, revaskulariserande behandling, som regel PCI innan 4 timar

 

Ta kontakt med hjarte bakvakt 932999 vurdering av pasient og EKG

Behandling 

  • Behandling ved STEMI: 1: PCI, 2: Fibrinolyse
  • AKS utan ST- elevasjon: Gi rask medikamentell behandling:

 

 

  1. Morfin 5-7,5 mg iv
  2. Oksygen 5L/min dersom SaO2 < 90%, ved dyspnoe eller lungeødem
  3. Nitroglycerin 0,5 mg sublingualt eller 0,4 mg som spray, kan gjentakast kvar 15.min
  4. ASA 300 mg po

 

Evt Brilique/Plavix/Klexane etter vurdering av hjartelege.

Referanser 

  1. Akutte koronarsyndrom – Metodebok i akutt indremedisin
  2. Akutte koronare brystsmerter - Norsk elektronisk legehåndbok