Dobbeltlumen tube

21.10.2022Versjon 1.2

Generelt 

Absolutte indikasjonar

Proteksjon av lunger mot kontaminasjon (blod, puss) samt sikring av ventilasjon ved stor kontralateral luftlekkasje (traume, bronkopleural fistel, kirurgi).

 

Relative indikasjonar

Betre kirurgisk tilgang ved øsofagektomi, descenderande aneurisme, lunge-kirurgi og fremre skoliosekirurgi. Konferer med operatør.

 

Tubeutval

Det finst ei versjon for venstre og ei for høgre lunge. Venstreversjonen kan brukast til alt bortsett frå ved lesjonar i carinaområdet/venstre hovudbronkus, men lyt dragast litt opp før venstresidig pulmektomi. Høgreversjonen okkluderer lett høgre overlapp, men kan brukast i dei tilfelle der det er kontraindisert å bruke venstreversjonen.

 

Tubestorleikar

Storleikane er 28, 32, 35, 37, 39 og 41. Rett storleik er den største som passerer glottis greit. Omtrentleg tubeval:

  • 28: større born (over 10 år)
  • 32: smådamer
  • 35: damer og småkarar
  • 37: karar og stordamer
  • 39: storkarar
  • 41: skikkelege mannfolk

 

Intubasjonsteknikk

Bronkialt lumen skal rettast anteriort ved intubasjon. Når cuffen har passert stemmespalta fjerner ein mandrengen og bronkialt lumen skal roterast 90o mot høgre eller venstre, avhengig av kva versjon ein nyttar. Tuben skal førast ned 28 – 30 cm, eller til ein møter motstand. Korrekt posisjon kan verifiserast bronko-skopisk: Bronkial cuff skal lokaliserast i ynskt hovudbronkus. (For auskultatorisk kontrollprosedyre, sjå lærebøker). Tubespissen kan forskyve seg i samband med snuing i sideleie og ev. "nyreknekk", det er difor tilrådeleg å kontrollere tubeposisjonen på ny etter pas.er snudd.

 

Ventilatorinnstilling

Tidalvolum 6-8 mL/kg, FiO2 1,0 (om mogeleg < 0,3 hos pasientar som har fått bleomycin) og frekvens 15 – 18/minutt.Ved oksygeneringsproblem peroperativt kan ein ev. koble ikkje-ventilert lunge til eit spesielt CPAP-utstyr (finst på lageret til stue 11). Krever rekrutteringsmanøver før tilkobling for maksimal effekt, avtal med kirurg.