Anbefalingen er faglig normerende og et hjelpemiddel for å ta forsvarlige valg som fremmer god praksis, kvalitet og likhet innenfor folkehelsen og for helsetjenesten. Anbefalingen er ikke rettslig bindende.
Paronyki bør ikkje behandlast med antibiotika.
Akutt oppstått rubor, hevelse og smerte ved neglevold eller neglebasis, ofte med synleg puss.
Forårsakast av ein primær irritant eller skade i overgangen mellom hud og negl, der bakteriar, oftast Staphylococcus aureus kan laga ein infeksjon.
Me har ikkje funne god dokumentasjon på nytte av ulike tiltak. I nokre land der MRSA er meir vanleg, tilrår ein bruk av systemiske antibiotika mot paronyki (Goldstein et al., 2019), sjølv om det ikkje finnest dokumentasjon på at dette er betre enn småkirurgi aleine (Shaw et al., 2005). Med Noregs gunstige resistensmønster er dette noko me vil rå ifrå, fordi slik bruk er resistensdrivande og unødvendig. Norsk terapitradisjon i form av lokale tiltak og eventuelt drenasje av puss er nok for å behandla tilstanden (Tolaas, 2013).