Informasjonshefte til pasient og pårørende etter traume

Sist oppdatert: 08.02.2021
Utgiver: Helse Bergen HF
Versjon: 1.3
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Mer informasjon 

Nasjonal kompetanstjeneste for traumatologi har opprettet en egen informasjonsside for pasienter:

 

www.traumepasient.no

 

Traumesenteret har sammen med en rekke andre avdelinger laget et informasjonshefte:

 

Infomasjonshefte til pasient og pårørende etter traumer-A4 til utskrift.pdf

Informasjonsskriv 

Til deg som pasient eller pårørande

 

Her finn du ei oversikt over dei tilboda vi har til deg som pasient eller pårørande på Haukeland Universitetssjukehus og litt informasjon om vanlege og forventa reaksjonar som kan komme etter alvorlege hendingar.

 

Tilbod til pårørande ved Haukeland Universitetssjukehus

 

Som pasient eller pårørande ved Haukeland Universitetssjukehus, vil du først og fremst bli følgt opp av sjukepleiar og lege på avdelinga. Dersom du har spørsmål om skaden/sjukdommen, behandling, eller plan for vidare oppfølging, skal du ta kontakt med sjukepleiar på avdelinga. Sjukepleiaren vil kunne gje deg naudsynt informasjon, eller ta med spørsmåla dine til legen som vil kunne gje deg eit svar.  Av og til kan det være behov for litt anna informasjon og hjelp. Då kan det vere aktuelt for deg å ta kontakt med ei av desse tenestene:

 

Prestetenesta har lang og god erfaring og kompetanse i å samtale med menneskjer i kriser og krevjande livssituasjonar, og tilbyr samtale med pasientar og pårørande, uavhengig av livssyn eller kva trussamfunn ein er knytt til.

Kontakt med prestetenesta blir formidla av personalet på avdelinga pasienten høyrer til, eller ring sentralen:

Telefon 55 97 50 00.

 

Sosionomtenesta arbeider for å ivareta pasientar og pårørande sine behov og interesser.

Skade/sjukdom kan føre med seg utfordringar og endringar i livssituasjonen. Sosionom kan hjelpe pasient og  pårørande til å meistre aktuelle utfordringar og endringar i livssituasjonen.

Kontakt med sosionom blir formidla av personalet på avdelinga, eller du kan sjølv ta kontakt:

Telefon 55 97 38 08.

 

Konsultasjonstenesta for barn og unge består av psykologspesialistar og barnepsykiater. Det blir gitt tilbod om samtale med barn og unge (0-18 år) som har alvorlege krisereaksjonar og/eller strever med meistringsoppgåver på grunn av kronisk eller livstrugande sjukdom. Ved behov for oppfølging frå andre hjelpeinstansar kan tenesta bistå med å opprette kontakt. Lege på avdelinga der barnet høyrer til kan tilvise til Konsultasjonstenesta.

 

Barn som pårørande

Når mor, far eller søsken er alvorleg skadd eller sjuk, har det innverknad på barna og familielivet. Helsepersonell har plikt til å ivareta barn sine behov for informasjon og oppfølging når foreldre eller søsken er sjuke. Spør gjerne sjukepleier på avdelinga dersom du har spørsmål om avdelinga sine rutinar for oppfølging av barn som pårørande.

 

Lokale kriseteam

Kommunar i Noreg har ulike hjelpetilbod til sine innbyggjarar som blir råka av kriser og katastrofar, for eksempel ved samlivsbrot, ulykker, brå død og sjølvmord i sine nære omgjevnadar. Personalet på avdelinga kan bistå med å kontakte lokalt kriseteam, eller du kan sjølv ta kontakt med din tilhøyrande kommune, eventuelt via lokal legevakt. I Bergen kan alle førespurnader om krise rettast til Livskrisehjelpen på Bergen legevakt. Telefon 55 56 87 54. Ope kvardagar klokka 08.30-22.30, og helger / heilagdagar klokka 12.00-20.30.

 

Normale og forventa reaksjonar etter ei alvorleg hending

 

Mange veit lite om kva reaksjonar som er vanlege etter å ha vore utsett for ei alvorleg hending. Når ein kjenner til kva reaksjonar som er normale og som ein kan forvente, blir det ofte lettare å akseptere både reaksjonar hos den som er skadd og dei som står den skadde nær. Då forstår ein og at reaksjonane er naturlege, når ein veit kva store påkjenningar den det gjeld har vore utsett for.

 

Pårørande eller andre som ikkje sjølv var utsett for hendinga, kan av og til bli urolege på grunn av dei sterke reaksjonane som kjem. Informasjonen som er skriven her, rettar seg difor både til den som har vore utsett for hendinga og pårørande eller andre nærståande.

 

Det er normalt å reagere

For den som har blitt utsett for ei alvorleg hending, er det normalt å reagere slik det er beskriven her. Vanlegvis avtek reaksjonane etter kvart – når ein får tid til å tenke gjennom, forstå og bearbeide det ein har vore utsett for. Minna vil komme sjeldnare og sjeldnare – og dei vil bli mindre plagsame enn dei var i byrjinga.

 

Akutt reaksjon – uverkelegheit

I den første tida etter hendinga, har mange ei kjensle av uverkelegheit. Ein veit at hendinga har skjedd, men den kjennes likevel uforståeleg. Mange beskriv ei kjensle av indre tomheit og kjenslemessig «nummenheit». Det kan av og til vere vanskelig å hugse vesentlege delar av det som hende. Men etter kvart som tida går blir heile hendingsgangen tydelegare, og då kjem ofte dei sterkaste reaksjonane.

 

Påtrengande minne/bilete

Det er vanleg at ein i tankane vender tilbake til det som hende, uansett om ein vil eller ikkje. Minne i form av syner/bilete kan opplevast så verkelege, at ein kan få ei kjensle av å vere tilbake i hendinga igjen. Slike påtrengjande minne kan komme tilbake i både vaken og sovande tilstand – og ikkje sjeldan akkurat i overgangen mellom søvn og vaken.

 

 

 

Indre uro og sårbarheit

Ei sterk indre uro og kjensle av sårbarheit er vanleg. Desse kjenslene kan bli sterkare og meir plagsame i ei tid framover, parallelt med at ein i minnet gjenopplever det som hende. Det kan ofte vere vanskeleg å ikkje tenke på dei ubehagelege opplevingane ein har hatt.

 

Den indre uroa kan føre til at ein blir rastlaus, får problem med å sitte stille og konsentrere seg. Nokre blir meir utolmodige og irritable enn dei elles plar vere. Andre kan får problem med i det heile tatt å gjere noko som helst.

 

Ulike kroppslege reaksjonar

Det er vanleg og naturleg å ha kroppslege reaksjonar som skjelvingar, sveittetokter, hovudverk, svimmelheit og ei kjensle av å skulle svime av, appetittmangel, trøytte eller spenningar/smerte i musklar – fram for alt i bryst, skuldrer og nakke.

 

Katastrofekjensle

For mange blir tryggleiken i livet rasert når ein har blitt utsett for ei alvorleg hending. Ein del opplever at ein blir meir vaktsam, ein skvett ved kvar minste lyd. Den ubehagelege kjensla av uro og redsle kan etter kvart føre til at ein blir redd for på ny å blir utsett for noko katastrofalt eller ubehageleg, eller at nokon i familien skal blir sjuke eller døy. Hos barn merker ein dette mest ved at dei blir meir «klengete» og har eit større behov for nærleik.

 

Søvnproblem og mareritt

Det kan vere vanskelig å sove – og rett før innsovning kan dei ubehagelege minna dukke opp i tankane. Søvnen blir uroleg og det er ikkje uvanleg å vakne ofte og tidleg. Nokre opplever at hendinga vert gjenteken i form av mareritt – eller mareritta kan handle om andre trugande situasjonar enn dei ein sjølv har opplevd.

 

Det er mange si erfaring at ein blir mindre plaga av søvnlause og mareritt med tida. Det kan hjelpe å snakke med nokon om det som har hendt. Søvnproblema plar og å avta når ein får betre grep om det ein faktisk har blitt utsett for. Dersom søvnen held fram med å vere svært dårlig over lengre tid, kan ein bli sliten og irritabel. Det kan då vere verdt å vurdere å få noko å sove på. Men det er viktig å vise varsemd når det gjeld bruk av sovemiddel.

 

Overlevingsangst og skuldkjensle

For nokre kan det kjennest svært ubehageleg å sjølv ha overlevd og kanskje klart seg uskadd, medan familiemedlemmer, venner eller kollegaer har blitt skadd eller omkomme i hendinga. Dette kan føre til skuldkjensle, og at ein ikkje tillèt seg sjølv å vere glad og letta over at ein sjølv har overlevd og ikkje blitt skadd.

 

Kjensle av skuld kan og kome i samanheng med at ein har vore vitne til ei alvorleg hending, og seinare for eksempel byrjar å gruble på om ein kunne gjort noko for å forhindre hendinga.

 

Forholdet til andre blir påverka

Sinne og irritasjon er vanlege reaksjonar. Sinnet kan og rette seg mot nære og kjære utan at ein meiner det, noko som igjen forsterkar skuldkjensla.

 

Nokre kjenner behov for å trekkje seg unna og vere åleine, medan andre ikkje klarer einsemda – dette då dei blir heilt overlate til sine eigne tankar og kjensler.

 

Spørsmål om meininga med livet

Når ein har vore utsett for ei alvorleg og vanskeleg hending, er det svært vanleg at ein byrjar å fundere over mål og meining med livet. Ofte gjer ein nye vurderingar av det ein tidlegare oppfatta som sjølvsagt.

 

Nokre enkle råd

 

Snakk med andre

Snakk med dine næraste, men gjerne og – om mogleg – med andre. Det kan for eksempel vere folk som har blitt utsett for same hending. Sjølv om det er vanskeleg å fortelje, og du tykkjer at kjenslene «rives» opp igjen, er det likevel oftast eit gode, og av og til heilt naudsynt, for å kome seg gjennom opplevinga på ein god måte.

 

Ved å gjentekne gonger gå gjennom hendinga i samtale med andre, får ein betre grep om det som hende og blir dermed og mindre plaga av mareritt og påtrengjande minner.

 

Nokre har og stor nytte av å skrive ned eigne minner og tankar rundt det som hende.

 

 

Besøk staden der det hende

Nokre kan bli redde for å besøke staden der den alvorlege hendinga hende. Det er då ofte til hjelp, helst så raskt som mogleg og gjerne saman med nokon ein kjenner seg trygg på, å vende tilbake til staden som vekker uro/redsle.

 

 

Barn og ungdom

Barn og ungdom har ikkje same evne som vaksne til å tolke eller forstå opplevingane sine i samband med ei alvorleg hending. Det vil vere til god hjelp for dei at:

  • vaksne er tilgjengelege for spørsmål og undringar
  • vaksne fortel om det som hender og har hendt
  • dei kjem raskt tilbake til kvardagslege rutinar og vanlege aktivitetar
  • vaksne gjer morosame ting saman med dei

 

 

Det er bra med aktivitet og arbeid

Fysisk aktivitet er ein bra måte å handtere indre stress på. For dei aller fleste er det og ein klar fordel å komme tilbake i arbeid så raskt som mogleg. Det er ofte ein god måte å vende tilbake til kvardagen igjen. Still likevel lågare krav til deg sjølv og arbeidskapasiteten din den første tida.

 

 

Søk hjelp i tide

Av ulike grunnar kan reaksjonane bli så sterke, så plagsame og så langvarige, at ein ikkje kjem i gong med sitt normale liv igjen. Ta då kontakt for å få hjelp. Best er det om du tek kontakt med fastlegen din først – så vil denne bistå deg dersom du skulle ha behov for meir spesialisert hjelp.

 

 

www.traumepasient.no er ei brukarside for pasientar og pårørande av skadde. Der finn ein informasjon om kva som skjer gjennom heile behandlingskjeda frå skadestad til rehabilitering. Her viser ein og til instansar som er nyttige for både pasientar og pårørande.

 

 

Heftet er utarbeidd i eit samarbeid mellom Traumesenteret, Sosionomavdelinga, Seksjon for presteteneste og etikk, og Konsultasjonstenesta for barn og unge.

Teksten «Normale og forventa reaksjonar etter ei alvorleg hending» er etter tillating frå utgjevar henta frå informasjonsbrosjyre utarbeidd ved Sykehuset Innlandet, ambulant akuttenhet DPS Elverum-Hamar. Det er gjort nokre mindre endringar frå opphaveleg tekst.