Oppretting og endring av kurdefinisjon i Cytodose

Sist oppdatert: 30.01.2025
Utgiver: Helse Vest
Versjon: 1.5
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Hensikt 

Punktvis gjennomgang for konfigurering av kurdefinisjoner i Cytodose.

Redigering og endring av eksisterande kur 

Når du skal endre ein allereie godkjent kurdefinisjon (kur som har grøn hake registrert under kolonne “godkjent” ), så må du dobbelklikke på definisjonen (åpne den) eller markere kuren og trykke “vis kurdefinisjon”.

 

Kur som er godkjent har ei grøn hake ved sidan av definisjonsnamnet:

 

Deretter trykker ein på «lag ny versjon». Versjonsnummeret oppe ved sidan av kurnamnet vil då endre seg, for eksempel frå versjon 0,1 til 0,2. Kuren vil då opne seg i «redigeringsmodus». Her må du «lagre under arbeid» eller «godkjenn» under fana «ferdigstille» før du får lukka den.

 

 

Skal du fortsette å jobbe med ein kurdefinisjon som er «lagret under arbeid»/ikkje godkjent må du finne den (du kan finne den ved å leite gjennom heile lista av kurdefinisjonar, eller du kan filtrere på diagnosegruppe viss dette er lagt til i kuren), markere den og trykke på «endre». Definisjonen vil då, på same måte som «lag ny versjon», opne seg i redigeringsmodus. Hugs å «lagre under arbeid» eller «godkjenn» før du lukkar.

 

Opprette ny kurdefinisjon 

Etter oppgradering av Cytodose frå 1.4 til 3.1.6  kan du ikkje lenger lage ein kur ut i frå «blanke ark»/tom mal då versjon 3.1.6 lagar kurdefinisjonar tilpassa ELAS (elektronisk arbeidsskjema), noko vi ikkje brukar. Derfor må vi bruke ein «gammal» mal frå 1.4 ved oppretting av ny kurdefinisjon eller bruk ein liknande kur som mal.

 

  1. Trykk på «søk etter kurdefinisjoner» i «legeadministrator»-fana.

 

2.

  • Filtrer på diagnose og/eller innhaldsstoff for å gjere det lettare å finne fram.
  • Finn kuren som er lik/du vil bruke som mal og opne den eller bruk «MAL KURDEFINISJON GAMMELT FORMAT».
  • Trykk på «bruk som mal» (dette kan du gjere om kuren er godkjent eller ikkje)

 

Fane «kurdefinisjon» (Kurdefinisjon) 

1. Legg inn kurdefinisjonsnamn (ikkje ID). (Obs: endring av kurdefinisjonsnamn kan ein berre endre på før kuren blir godkjent første gong. Vil du endre på namnet på kuren etter den er godkjent må du lage ny kurdefinisjon – ein kan ikkje berre endre slik som ein kan med andre ting i definisjonen. Ein får heller ikkje endra tittel om ein vel “lag ny versjon” av ein ikkje- godkjent kur)

 

2. Legg inn kor mange dagar kuren går over (for eksempel dag 1, 8 og 15..osv..). Dette gjer du ved å høgreklikke under «kurdager» og «sett inn rad».)

 

 

 

Ved fleire kurdøgn: velg om alle dagane skal bekreftast, eller om det er berre første dagen (eller andre dagar) som skal bekreftast. OBS: Krysser du av for dette må bestillar fysisk inn i cytodose kvar dag kuren blir administrert og bekrefte at kuren skal lagast til av apoteket. Viss du berre trykker på at den skal bekreftast dag 1 (dag 1 må alltid bekreftast) blir heile kuren i syklusen laga til av apoteket, utan at bestillar må bekrefte kuren fleire gonger. 

 

 

3. Deretter kan du begynne på sjølve «oppskrifta» til kurdefinisjonen. For å legge til linjer må du høgreklikke og “legg til”, “sett inn” eller “slett” rad.

 

Obs: «Legg til rad» = ny rad kjem nedst i kurdefinisjonen, «sett inn rad»= ny rad kjem over rada du står i/har markert

 

 

Når du setter inn ei rad i definisjonen, blir alltid den første rada «hydrering». Endre på dette ved å bruke nedtrekksfana. Her kan du velje mellom «hydrering», «virkestoff, «kommentar» eller «antidot».

 

 

Hydrering: Velg «oppløsningsmiddel» og «grunnvolum» = kor stor mengde. Velg som regel «post» under «gjøres av». Velg ev. tid hydrering skal gå inn på eller la dette feltet stå blankt/0.

 

 

Verkestoff: Vel riktig verkestoff under nedtrekksmenyen under «preparat». Obs: vêr nøye med at du velger riktig. Det fins mange like stoff. Skriv inn grunndosen og «enhet», for eksempel grunndose: 400, enhet: mg. Velg vidare kva utrekning dette er: standarddose, overflate, vekt, AUC. Velg kva dette skal blandast i (nacl, glukose, sterilt vatn, ingenting…), grunnvolum (for eksempel 500 ml) og utregning. Under tilberedning velger du «apotek» eller «post» under «gjøres av (ofte apotek når det gjeld verkestoff, men kan nokre gonger vere post», administrasjonsmåte og tid det skal administrerast på).

 

 

Det same gjer du ved valet «antidot/medisin».

 

Velg «kommentar» utan å skrive noko viss du berre vil ha mellomrom, eller skriv manuelle kommentarar i dette feltet, for eksempel BT/P:______

 

4. Legge til tilsetningar: Klikk på rada du skal ha tilsetningar i. Klikk i feltet «tilsetninger» nedst i skjermbilete

 

 

Høgreklikk og «legg til rad». Velg tilsetningsstoff frå rullegardina og fyll i «mengde», «enhet» og «utregning».

 

5. Legg inn “maks overflate for kuren” viss dette er aktuelt. Det vil vere aktuelt der verkestoff doserast etter “overflate”.

 

Fane «Diagnose/Protokoll» 

Fane «Diagnose/Protokoll» (Diagnose/Protokoll)

  1. Høgreklikk: «legg til rad».
  2. Legg til så mange diagnoser du vil/definisjonen gjelder for. Legg til protokoll om dette er aktuelt (studiar). Dette gjer du på same måte (høgreklikk – «legg til rad»).

Fane «Kritiske Parameter» 

Fane «Kritiske parameter» (Kritiske parameter)

Dei dagane ein har haka av som «må bekreftes» i fane: «kurdefinisjon» dukkar også opp i fane: «kritiske parameter». Her kan ein altså ikkje høgreklikke og legge til kurdagar viss ikkje dette er gjort i den første fana. For kvar dag som er haka av for «må bekreftes» får ein val om å legge til «kritiske parameter», altså blodprøveverdiar. I dette feltet kan ein høgreklikke og legge til dei blodprøveverdiane ein skal ha og legge til «krav over» eller «krav under» og ev. krav om «maks dager gammel». Er det ikkje krav om blodprøveverdiar kan ein la dette feltet stå blankt.

 

Fane «Maks. doser» 

Fane «Maks. doser» (Maks doser)

Høgreklikk: «legg til rad»

 

Stoff som anten er dosert etter standard, vekt eller AUC bør ha “maks doser” satt. Maks BSA for kroppsoverflate gjeld der medikamentet doserast etter kroppsoverflate.  

 

Her er det viktig at det er nøyaktig same verkestoff som blir lagt inn som er lagt inn i definisjonen, eller så vil ikkje dette sikkerheitstiltaket fungere. Verkestoff har forskjellige namn på forskjellige sjukehus, så her må den som importerar kurdefinisjonen frå REFF-databasen endre på verkestoffnamnet i kurdefinisjonen og i fanebladet «maks. doser».

Fane «Faste ordinasjoner/kommentarer» 

Fane «Faste ordinasjoner/kommentarer» (Faste ordinasjoner/kommentarer)

Høgreklikk: «legg til rad»

 

 

Bruk nedtrekksmenyen og velg kva overskrift du vil ha på den aktuelle rubrikken.

 

 

Skriv deretter det som skal stå i den aktuelle rubrikken.

Fane «Generelt arbeidsskjema» 

Fane «Generelt arbeidsskjema» (Generelt arbeidsskjema)

Dette fanebladet viser korleis kurdefinisjonen vil sjå ut når du skriver det ut. Obs: om du har lagt til understrekar i kurdefinisjonen, for eksempel ved kontrollfelt, vil ikkje dette vise her, men viser ved utskrift.

 

Her kan du ikkje gjere noko. Om du ser det er noko som skulle vore endra, må du gjere det i fanebladet: «kurdefinisjon» eller «faste ordinasjoner/kommentarer» som er dei to faneblada som viser på utskrift.

Fane «Ferdigstille» 

Fane «Ferdigstille» (Ferdigstille)

Her kan du velje om du vil:

  1. Godkjenne kuren – då blir den aktiv og kan bestillast.
  2. «Lagre under arbeid» - då vil den berre bli lagra, og du kan finne den igjen og endre på den seinare. Den vil ikkje bli godkjent, og ingen kan bestille den.
  3. «Slett» - slette kuren du har arbeidd med.
  4. «Skriv ut» - her kan du skrive ut kurdefinisjonen slik du ser den i faneblad: «generelt arbeidsskjema» uavhengig om den er godkjent eller ikkje. Obs: Dersom ein brukar "Skriv ut" frå “ferdigstille”-fana vil utskrifta komme ut i ståande format, i motsetning til om ein skriv ut frå "generelt arbeidsskjema", der utskrifta kjem i liggande format.

Endringslogg 

Versjon

Dato

Endring

Ansvarlig

0.1*

07.12.2023

Opprettelse av dok.

Anne S. Barlund

0.2*

24.10.2024

Oppdatert ihht. godkjenning av KBG, og før publisering i Metodebok.  

Andrea S. Høyvik

*Dokumenter som er utarbeidet i Word og sendt til høring til Klinisk beslutningsgruppe