Pleuravæske

Sist oppdatert: 29.05.2023
Utgiver: Helse Bergen HF
Versjon: 1.0
Forfatter: Arnfrid Skjæveland & Andreas Thelle
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Årsak 

Auka væskeproduksjon og/eller manglande væskeresorbsjon i pleurarom, sekundært til mange ulike tilstandar. Det er differensialdiagnostisk viktig å skilja mellom transudat og eksudat, ved hjelp av Lights kriterier.

 

Transudat Eksudat
Vanlege årsaker Hjertesvikt, levercirrhose Malignitet, parapneumonisk effusjon
Mindre vanleg Hypoalbuminemi, peritonealdialyse, hypothyreodisme, nefrotisk syndrom, mitralstenose Lungeemboli, autoimmun pleuritt (RA, SLE etc.), tuberkulose (vanleg på verdsbasis), benign asbestose, pankreatitt, post-MI, post-ACB
Sjeldan

Konstriktiv perikarditt, Meigs

syndrom

Yellow nail-syndrom, medikament,

soppinfeksjon

Klinikk 

Dyspné er det vanlegaste symptomet på pleuravæske. Funn i form av demping og redusert respirasjonslyd, og funn relatert til utløysande årsak.

Diagnostikk 

Rtg thorax. Bedside ultralyd er meir sensitivt for mindre væskemengder, og gir også ein del tilleggsinformasjon (septa, fortjukka pleura, inhomogen/ekkogen væske).

Vurdering av pleuravæske 

  • Utsjånad: Farge, klar/blakka, konsistens, lukt.
  • Biokjemi: protein, albumin, glukose, LD, kolesterol, amylase, pH
    • Eksudat ved pleuraprotein >30 g/l.
    • Lights kriterier (ved grensetilfelle): Eksudat dersom ein av følgjande: Pleuraprotein/serumprotein >0,5, pleura-LD/serum-LD >0,6, pleura-LD >2/3 av øvre normalverdi serum-LD (husk difor også å ta serum-LD og protein).
  • Cytologi (20 ml) evt. tillegg av pleurabiopsi.
  • Mikrobiologi: dyrkning, TBC.

Behandling 

  • Pleuravæske er eit symptom, utløysande årsak må behandlast.
  • Bilateral pleuravæske med klinisk mistanke om transudat skal berre tappast der det er terapisvikt på behandling av utløysande årsak.
  • pH < 7.20 og/eller pussaktig væske tyder på empyem; behov for dren og antibiotika, vurdera installasjon av Actilyse/Pulmozyme.
  • Ved malign effusjon og behov for gjentatte tappingar: vurdera pleurodese.
  • Ved eksudat eller vedvarande transudat - vidare undersøkjingar:
    1. CT thorax med kontrast
    2. Gjenta innsending av pleuravæske til diagnostiske undersøkjingar: mikrobiologi, cytologi, biokjemi.
    3. Vurdera pleurabiopsi eller torakoskopi i forløpet.

Indikasjonar 

Indikasjonar for pleuratapping

  • Avlastning ved store væskemengder, for lindring av dyspné.
  • Diagnostisk aspirasjon, små volum (20-50 ml).
  • Terapeutisk ved empyem.
  • Drenasje før pleurodese.

Kontraindikasjonar 

Relative kontraindikasjonar ved pleuratapping

  • Blødningsfare og vital indikasjon bør vurderast individuelt. Lite evidens for absolutte grenser for blodverdiar. Ved dobbel platehemming bør indikasjon og tidspunkt for pleuratapping diskuterast med utøvande lege.
  • Ønska verdiar: INR < 2.2, TPK >40x109, APTT < 55 sek, Hb >7g/dl.
  • Ved tilfelle der pasienten ikkje vil tola pneumothorax (diagnostisk prosedyre med lite væske der pasient har marginal pustefunksjon).
  • Uroleg/ikkje samarbeidande pasient.

Utføring 

  • Rtg thorax front/side før og etter tapping, evt. UL pleura i etterkant for å utelukka pneumothorax.
  • Tilstreb ultralydveileda pleuratapping då dette aukar sjansen for vellukka tapping og reduserer risikoen for punksjon av nærliggjande organ.
    • Opptil 1,5-2 liter kan vanlegvis tappast direkte. Individuell vurdering utover dette.
    • Vurdera inneliggjande kateter der store væskemengder skal drenerast over tid.

Komplikasjoner 

Pneumothorax, blødning, re-ekspansjonsødem, smerter, dyspné, uvelhet, synkope.