Biokjemiske analyser som begynner på ...
A
B
C
D
E
F
G
H
I
J
K
L
M
N
O
P
Q
R
S
T
U
V
W
X
Y
Z
Æ
Ø
Å

FIB-4

Sist oppdatert: 30.09.2024
Utgiver: Norsk forening for medisinsk biokjemi
Versjon: 0.1
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Bakgrunn 

FIB-4 er ein berekna parameter basert på ALAT, ASAT, TPK og pasientens alder; FIB-4 = (alder • ASAT)/(TPK • √ALAT). Formelen er opphavleg utleia vha. multippel logistisk regresjon som ein markør for leverfibrose hos pasientar med HIV/HCV-koinfeksjon (1), men er i ettertid også validert for andre pasientgrupper. FIB-4 er ein prognostisk markør for leverrelaterte utfall ved steatotisk leversjukdom (2). På den andre sida er FIB-4 ein unøyaktig markør i pasientgrupper med låg risiko for leversjukdom, med høg andel av falsk positiv FIB-4 når 1,3 vert brukt som cut-off (3). FIB-4 kan brukast til å betra seleksjonen av pasientar til meir spesialiserte undersøkingar, som transient elastografi.

Indikasjoner 

Mistanke om eller høg risiko for leversjukdom, t.d. ved diabetes mellitus type 2, overvekt, metabolsk syndrom eller høgt alkoholinntak. Risikostratifisering av leverfibrose. Selektering av pasientar til elastografi.

Prøvetakingsrutiner 

Sjå enkeltanalyttane. FIB-4 bør reknast ut på samtidig tekne prøvar.

Referanseområder 

Ikkje etablert. Om lag 30 % i ein allmennpopulasjon ser ut til å ha FIB-4 over cut-off.

Tolkning 

FIB-4-skåren må vurderast i lys av pretest-sannsynet for avansert leverfibrose. FIB-4 er i utgangspunktet validert for aldersgruppa 35-65 år og er ikkje meint for screening av ein allmennpopulasjon (det gjev mange falsk positive).

 

Vaksne med låg FIB-4-skår (< 1,3) har lågt sannsyn for avansert leverfibrose (høg negativ prediktiv verdi), medan risikoen er auka ved høg FIB-4-skår.

Analytisk og biologisk variasjon 

Analytisk variasjon til FIB-4 avheng av analytisk variasjon til analysane som inngår i formelen, estimert til 3,7 % (4).

 

Intraindividuell biologisk variasjon er estimert til 13,9 % basert på gjenteke målingar av pasientar med enkeltanalyttar innafor dei respektive referanseområda (4).

Referanser 

  1. Sterling RK, Lissen E, Clumeck N, Sola R, Correa MC, Montaner J, S Sulkowski M, Torriani FJ, Dieterich DT, Thomas DL, Messinger D, Nelson M; APRICOT Clinical Investigators. Development of a simple noninvasive index to predict significant fibrosis in patients with HIV/HCV coinfection. Hepatology. 2006 Jun;43(6):1317-25. doi: 10.1002/hep.21178. PMID: 16729309.
  2. Vieira Barbosa, J., Milligan, S., Frick, A., Broestl, J., Younossi, Z., Afdhal, N.H. and Lai, M. (2022), Fibrosis-4 Index as an Independent Predictor of Mortality and Liver-Related Outcomes in NAFLD. Hepatol Commun, 6: 765-779. https://doi.org/10.1002/hep4.1841
  3. Graupera I, Thiele M, Serra-Burriel M, Caballeria L, Roulot D, Wong GL, Fabrellas N, Guha IN, Arslanow A, Expósito C, Hernández R, Aithal GP, Galle PR, Pera G, Wong VW, Lammert F, Ginès P, Castera L, Krag A; Investigators of the LiverScreen Consortium. Low Accuracy of FIB-4 and NAFLD Fibrosis Scores for Screening for Liver Fibrosis in the Population. Clin Gastroenterol Hepatol. 2022 Nov;20(11):2567-2576.e6. doi: 10.1016/j.cgh.2021.12.034. Epub 2021 Dec 29. PMID: 34971806.
  4. Åsberg A, Løfblad L, Hov GG, Mikkelsen G. Reference change values of FIB-4. Scand J Clin Lab Invest. 2023 Jul 28:1-3. doi: 10.1080/00365513.2023.2241363. Epub ahead of print. PMID: 37504797.