Epifysiolyser klassifiserast etter Salter Harris, type I–V.
Salter-Harris type V er omdiskutert.
Salter-Harris klassifikasjon

Salter-Harris klassifikasjon
Salter-Harris II er den klart hyppigaste epifysiolysen. Dislokasjon ved tibiaepifysiolyser skjer oftast posteriort.
Tibiaepifysiolyse
- Udislosert Salter-Harris type I og II behandlast konservativt med gips i 4 veker.
- Hjå eldre born der fysen er i ferd med å lukkast kan ein auke gipsbehandlinga til 6 veker då desse gror noko langsamare enn hjå yngre born.
- Ved gipsetid over 4 veker kan ein delbelaste siste 2 vekene av gipsetida.
Fibulaepifysiolyse
- Salter-Harris type I er frakturar som er vanskeleg å sjå på røntgen.
- Klinisk diagnose basert på smerte og hevelse over malleol svarande til vekstsona saman med manglande evne til å belaste. Behandlast då som epifysiolyse.
- Gipslaske og klinisk kontroll etter 1 veke.
- Dersom pasienten framleis har mykje smerter, ikkje kan belaste og er distinkt øm svarande til vekstsone vurderer ein det fortsatt som epifysiolyse og behandlast med gips i ytterlegare 2 veker.
- Lite klinikk etter ei veke behandlast som forstuving.
Feilstilling
Disloserte frakturar bør reponerast i narkose. Desse reponerast fortrinnsvis lukka.
- Ustabile frakturar etter reposisjon fikserast med pinnar eller skruar.
- Ein er forsiktig med gjentatte reponeringsforsøk grunna fare for skade på og forstyrring av vekstskiva.
- Salter-Harris type III og IV er intraartikulære frakturar og må reponerast og fikserast eksakt.
Tillaux-/Kleigerfraktur
- Salter-Harris III
- Barn i pubertet sin syndesmoseruptur.
- Lukking av vekstsona skjer frå mediale side mot laterale side. Midtvegs i denne lukkinga kan eit drag frå fremre syndesmoseligament (supinasjon-utadrotasjon av ankelen) losne eit beinfragment frå anterolaterale del av tibiaepifysen.
- Sjå Ankelfrakturer - barn Ortopedisk avd HUS
Triplanfraktur
- Salter-Harris IV.
- Fraktur med to, tre eller fleire fragment
- Anterolaterale del av distale tibiaepifyse (tilsvarar Tillaux-fragmentet).
- Mediale og posteriore del av tibiaepifysen med et bakre metafysært fragment.
- Resten av tibiametafysen.
- Ein klassisk triplanfrakur består av dei tre overnemnde frakturane.
- Ved toparts triplanfrakturar er mediale malleol intakt.
- Sjå Ankelfrakturer - barn Ortopedisk avd HUS