Gi blod

Sist oppdatert: 06.11.2025
Utgiver: Helse Møre og Romsdal
Versjon: 1.1
Foreslå endringer/gi kommentarer

Vi treng alltid fleire blodgivarar 

Blod er eit levande materiale og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ein ikkje framstille det kunstig – det må bli gitt.

 

Blodet blir brukt til mange type pasientar og behandlingar, for eksempel ved kreftbehandling, operasjonar, ulykker, svangerskap og fødsel. Det finst inga erstatning for blod og mange pasientar er derfor heilt avhengige av at nokon gir blod. 

 

Her finn du meir informasjon om å bli blodgivar hos oss.

Kven kan gi blod? 

Hovudregelen er at alle friske menneske over 18 år kan melde seg som blodgivar. Du kan gi blod inntil fire gongar i året.

Du må rekne med å bruke om lag ein halvtime når du skal gi blod, inkludert førebuing, tapping og kvile.

Du kan når som helst i heile prosessen stille spørsmål dersom du lurer på noko. Personalet har teieplikt.

Blodgiving skal ifølge blodforskriften vere frivillig og vederlagsfritt.