Sesamknokler 1. MTP stressfraktur

Sist oppdatert: 05.06.2024
Utgiver: Helse Bergen
Versjon: 1.5
Forfattere: Sigrid Danbolt Svalastog, Njål Kleven, Torbjørn Hiis Bergh, Anja Heimen, Hege Framnes, Svein Denis Moutte
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Diagnose 

S92.3 Brudd i metatarsalben

Bakgrunn/generelt 

Det fins fleire sesambein i kroppen, kallast sesambein fordi dei liknar på sesamfrø. Det er to relativt store sesambein i foten, lokalisert plantart og like i nærleiken av 1. MTP-ledd. Beina ligg innkapsla i sena til flexor hallucis brevis. Sesambeina beskytter sena og styrker den mekaniske effekten, absorberar sjokk og reduserar friksjon. Det mediale sesambeinet vert utsett for mest belastning, sjåast hyppigare fraktur i det mediale beinet enn det laterale, både traumatisk fraktur og stressfraktur.

Viktige moment og fallgruver 

  • Brudd i sesabein vert ofte oversett.
  • Delt sesam bein (partite) er ein vanleg normalvariant, og kan lett forvekslast med fraktur.

Skademekanisme og -anamnese 

Stessfrakturar

Er hyppigst. Eit studie har vist at det er personar med langdistanseøping eller idrett med rask akselerasjon/deselerasjon som hyppigast får fraktur i sesambein. Eit anna studie viste at frakturen var mykje hyppigare hjå jenter enn gutar i alderen 9–21 år.

 

Akutte frakturar

Direkte traume eller hyperdorsalfleksjon kan også føre til akutte frakturar i sesambein.

Undersøkelse/klinisk bilde 

Ofte diffust lokalisert smerte kring 1. MTP-ledd i fleire veker. Hevelse sjåast som regel ikkje før ei stund ut i forløpet.

 

Smerter ved direkte palpasjon sesambein, det er ofte fyrst då pasienten klarar å lokalisere smertene. Passiv dorsalfleksjon av MTP 1. tå kan gje smerter ved sesamoidfraktur. Dersom denne rørsla ikkje framprovoserar smerter sjølv om ein har mistanke om fraktur, kan ein halde 1. MTP i maksimal dorsalfleksjon og palpere over sesambein medan pasienten forsøker å plantarflektere i 1. tå.

 

Differensialdiagnose

Dersom ein ikkje ser fraktur på røntgen er sesamoiditt ein differensialdiagnose. Dersom smertene ikkje betrast med avlastning (og evt NSAIDs) i løpet av 2–4 veker må ein tenkje på andre diagnoser, som til dømes ein heilt udislosert fraktur som ikkje sjåast på røntgen.

Bildediagnostikk 

Røntgen

Front, side og skrå. Sesamoidfrakturar er ofte tverrgåande.

 

MR

Er sjeldan indisert, sjå nedanfor.

 

Delt (partite) sesambein, i to eller tre delar, er ein normalvariant. Viktig å ikkje forveksle dette med fraktur. Sjå på kantane: avrunda og jamne ved normalvariant, skarpe og ujamne ved fersk fraktur. Ved normalvariant er det også cortex kring heile kanten, ved fraktur vil det ikkje vere cortex i frakturlinja. Kan også ta bilder av frisk side til samanlikning, oftast bilateral.

Vurdering og behandling 

Avlastning

I 6–8 veker med belastning til smertegrense. Kor mykje smerter pasienten har vil avgjere kva type hjelpemiddel/bandasje som vert brukt.

 

Spesialsåle

Med utsparing for distale del av 1. MT kan brukast.

 

Dersom mykje smerter kan ein bruke gips fyrste 3–4 vekene vurderast. Totalavlasting er Ikkje naudsynt.

 

Frakturen er ikkje alltid synleg på røntgen initialt. Ein kan då ta ein kontroll med nye bilder etter 2 veker dersom sterk klinisk mistanke. Dersom framleis uavklart problemstilling kan ein vurdere MR, konferer med OT eller overlege SKOT.

Operasjonskriterier og henvisningskriterier 

  • Dislokerte frakturar kan vurderast for opererasjon, konf OT.
  • Ved manglande tilheling etter konservativ behandling eller oversett fraktur kan det bli aktuelt å fjerne dei minste bitane, konf med OT.

Oppfølging 

  • Klinisk kontroll etter 6 veker. Ved rimelig smertefriheit/god framgang er ytterlegare kontrollar ikkje naudsynt. Ved mykje smerter, og lite framgang, konf overlege SKOT eller OT.
  • Frakturane tilhelar med fibrøs sambinding mellom beinbitane. Røntgen vil derfor ikkje kunne avklare tilheling.
  • Det er ikkje uvanleg at frakturar i sesambein er smertefulle i fleire månader, avgensning mot stressfraktur kan vera vanskeleg. Ved tvil konf overlege SKOT.

Komplikasjon 

Manglande tilheling.