Metatarsfrakturer 1–4.

Sist oppdatert: 12.02.2026
Publisert dato: 12.02.2026
Utgiver: Helse Bergen
Versjon: 1.3
Forfattere: Sigrid Svalastog, Hege Framnes, Njål Kleven, Torbjørn Hiis Bergh, Anja Heimen, Svein-Denis Moutte
Foreslå endringer/gi kommentarer

Diagnose 

S92.3 Brudd i metatarsalben

S92.7 Flere brudd i fot

Bakgrunn/generelt 

  • Metatarsfrakturar er dei vanlegaste brotskadene i foten ettar tåfrakturar.
  • 1. metatars er viktig for balanse og vektbering i foten. Derfor tolererar ein mindre feilstilling der samanlikna med andre metatarsfrakturar.
  • Det må meir energi til for å få eit brot i 1. metatars enn i dei øvrige metatarsane.

  • Eit viktig prinsipp er at alle 5 metatarsar skal kvile mot underlaget i same plan. Viss ikkje kan det gje opphav til metatarsalgi, trykkplager og feilbelastning.
  • Enkeltståande metatarsfrakturar er oftast minimalt disloserte då andre metatarsar og ligament støttar kring frakturen.
  • Dersom der føreligg ein dislokasjon er det distale fragmentet ofte dislosert plantart grunna drag frå musklar og sener som fester distalt for frakturen.
  • Ein kan dele frakturane i fire typer utifrå lokalisasjon: caput, subcapital, skaft (diafyse) og basis.

Viktige moment og fallgruver 

  • Stressfraktur? Dersom inga/adekvat traume utifrå funn bør ein tenkje på stressfraktur. Smerte i same område i forkant? Treningsbelastning? Sjå eige kapittel, Generelt om stressfrakturer, Metatars 2./3. stressfraktur
  • Lisfranc skade? OBS! ved uttalt klinikk i område for tarsometatarsalledd og sparsame/manglande funn på røntgen eller frakturar i basis av metatarsane. Sjå eige kapittel Lisfranc
  • Compartmentsyndrom er sjeldan i foten, men kan utviklast ved høgenergiskader, sjå eige kapittel.

Skademekanisme og -anamnese 

  • Vridningstraume eller direkte traume ( klemskade, trakket på ,mistet noe tungt på foten)
  • Stressfrakturar kan førekome utan traume, sjå Metatars 2./3. stressfraktur .

Undersøkelse/klinisk bilde 

  • Hevelse, misfarging, smerter ved palpasjon over metatarsen og ved belastning.
  • Ofte blautdelsskade som er smertefull ved palpasjon, kan vere vanskeleg å skilje dette frå fraktur og dermed frakturlokalisasjon. Det kan då vere til hjelp å sjekke stukningsømheit.

Bildediagnostikk 

Røntgen

  • Front
  • Side
  • Skrå.
  • Dei aller fleste frakturar sjåast på røntgen.
  • OBS! Ved fraktur i 3. metatars er det ofte fraktur i 2. og/eller 4. metatars i tillegg.

 

CT

  • Dersom kompleks skade eller mistanke om Lisfranc skade kan CT vere aktuelt.

Vurdering og behandling 

Frakturar i 2–4. metatars

  • Udisloserte eller lite disloserte frakturar, dvs. < 10 grader dislokasjon og < 4 mm ad latus dislokasjon, behandlast konservativt med støttebandasje og stiv såle.
  • Belaste til smertegrense.
  • I utgangspunktet ikkje naudsynt med gips, men kan vurderast dersom mykje smerter.

 

Udislosert/ lite dislosert fraktur i 1. metatars

  • Gips i 3 uker - > stiv såle i 3 uke.

 

Stressfraktur

Operasjonskriterier og henvisningskriterier 

Konferer med ortoped ved

  • Frakturar i 1. metatars: ved forkortning eller akseavvik.
  • Frakturar i 2–4. metatars: > 10 graders akseavvik eller > 4 mm ad latus. Klinisk feilstilling av tær.
  • Må og ta compliance og perifer sirkulasjon i betrakntning ved vurdering av operasjonsindikasjon.

Oppfølging 

1. metatars

  • Udisloserte frakturer direkte til sluttkontroll med røntgen etter 3 uker. 
  • Øvrige mellomkontroll med røntgen etter 1 uke

 

2–4. metatars

  • Sluttkontroll med rtg etter 3 veker.
  • Ved stor diastase i frakturen eller mye klinikk på 3 ukers kontroll kan det vere naudsynt med sluttkontroll etter 6 veker.
  • Mindre frakturar med fredeleg klinikk treng ikkje nødvendigvis kontroll, vurdere individuelt.

Komplikasjoner 

  • Compartmentsyndrom.
  • Malunion generelt kan føre til belastningssmerter og clavus i fotsåle.
  • Malunion i 1. metatars kan også føre til manglande vektberande evne 1. stråle.

Informasjon til pasienten