Metatarsfrakturer 1.-4.

Sist oppdatert: 04.09.2023
Utgiver: Helse Bergen
Versjon: 1.2
Kopier lenke til dette emnet
Foreslå endringer/gi kommentarer

Diagnose 

S92.3 Brudd i metatarsalben

S92.7 Flere brudd i fot

Bakgrunn/generelt 

  • Metatarsfrakturar er dei vanlegaste brotskadene i foten dersom ein ser bort ifrå tåfrakturar.
  • Ca 1/3 av frakturane er lokalisert i skaftet eller i distale del av beinet.
  • 1. metatars er viktig for balanse og vektbering i foten. Derfor tolererar ein mindre feilstilling der samanlikna med andre metatarsfrakturar.

    Det må meir energi til for å få eit brot i 1. metatars, derfor er det mindre vanleg med fraktur der enn i andre metatarsar.

  • Eit vikitg prinsipp er at alle 5 metatarsar skal kvile mot underlaget i same plan. Viss ikkje dette er tilfellet kan det gje opphav til metatarsalgi, trykkplager og feilbelastning.
  • Dei aller fleste enkeltståande metatarsfrakturar er minimalt disloserte. Dette er fordi andre metatarsar og ligament støttar kring frakturen.
  • Auka sannsyn for dislokasjon dersom det er fleire metatarsfrakturar eller frakturen sit heilt distalt.
  • Dersom der føreligg ein dislokasjon er det distale fragmentet ofte dislosert plantart grunna drag frå musklar og sener som fester distalt for frakturen.
  • Ein kan dele frakturane i fire typer utifrå lokalisasjon: caput, subcapital, skaft (diafyse) og basis. Frakturar i 5. metatars har eit eige klassifikasjonsystem.

Viktige moment og fallgruver 

  • Stressfraktur? Dersom inga/adekvat traume utifrå funn bør ein tenkje på stressfraktur. Smerte i same område i forkant? Treningsbelastning? Sjå eige kapittel, Generelt om stressfrakturer, Metatars 2./3. stressfraktur
  • Frakturar i 5. Metatars kan ha problem med tilheling, sjå 5. Metatars
  • Lisfranc skade? Dersom funn og smerte ikkje samsvarar. Smerter i område for tarsometatarsalledd. Sjå eige kapittel Lisfranc
  • Compartmentsyndrom er sjeldan i foten, men kan utviklast ved høgenergiskader/skader i 1. metatars, sjå eige kapittel.

Skademekanisme og -anamnese 

Undersøkelse/klinisk bilde 

  • Hevelse, misfarging, smerter ved palpasjon over metatarsen og ved belastning.
  • Ofte blautdelsskade som er smertefull ved palpasjon, kan vere vanskeleg å skilje dette frå fraktur og dermed frakturlokalisasjon. Det kan då vere til hjelp å sjekke stukningsømheit.

Bildediagnostikk 

  • Front-, side- og skråprojeksjon
  • Dei aller fleste frakturar sjåast på røntgen.
  • OBS! Ved fraktur i 3. metatars er det ofte fraktur i 2. og/eller 4. metatars i tillegg.
  • Dersom kompleks skade eller mistanke om Lisfranc skade kan CT vere aktuelt.

Vurdering og behandling 

Frakturar i 2.- 4. metatars

  • Alle udisloserte, dvs. <10 grader dislokasjon og < 4 mm ad latus dislokasjon, behandlast konservativt med støttebandasje og stiv såle.
  • Belaste til smertegrense.
  • I utgangspunktet ikkje naudsynt med gips, men kan vurderast dersom mykje smerter.

 

Udislosert fraktur i 1. metatars

  • Støttebandasje
  • Belaste til smertegrense.
  • Evt. gips dersom smerter.

 

Stressfraktur

Operasjonskriterier og henvisningskriterier 

Konferer med ortoped:

  • Frakturar i 1. og 5. metatars der ad latus dislokasjon er >4 mm
  • Større øvrige feilstillinger i metatarsar
  • Fleire metatarsfrakturar samtidig auker instabiliteten, noko som styrker indikasjonen for operasjon.

Oppfølging 

  • 2.- 4. Metatars: Kontroll med rtg etter 3 veker. Ikkje alle trenger rtg på kontroll, vurdere individuelt. Hjå nokon er det naudsynt med sluttkontroll etter 6 veker. Mindre frakturar med fredeleg klinikk treng ikkje nødvendigvis kontroll, vurdere individuelt.
  • 3. Metatars: heilt udislosert fraktur som behandlast konservativt tas inn til kontroll med rtg etter 3 veker.
  • unntaksvis kan man ta en sluttkontroll etter 6 veker.

Komplikasjoner 

  • Compartmentsyndrom.
  • Malunion generelt kan føre til metatarsalgi
  • Malunion i 1. metatars kan også føre til manglande vektberande evne.

Informasjon til pasienten